Sundvor kyrkje

(klikk på bilete for å sjå større bilete) | eller Sundvor kapell, som den vart kalla fram til år 2000, vart, etter mange år med planlegging, påbegynt i 1926 og ferdig bygd i 1927. Vigslinga skjedde sundag 14. oktober 1927.
Sundvor var ein del av Strandvik sokn. Men lang og, spesielt vinterstid, strabasiøs kyrkjeveg (3 timar i robåt) gjorde det turvande med ei kyrkje på Sundvor.
Arkitekt var Erlend Tryti frå Bergen og byggmeister var Engel Sundfjord, som også sat i byggjenemnda. |