Strandvik kyrkje
 (klikk på biletet for å sjå større bilete)
| er teikna av arkitekt Fr. H. Stockfleth og bygd av byggmeister Johs. Øvsthus. Den stod ferdig i 1857, vart innvendig delvis bygd om i 1883 og fargerestaurert i 1953. Kyrkja vart truleg bygd like nord for ei eldre kyrkje frå 1628 som i sin tur avløyste ei mellomalder stavkyrkje. Opphavleg var kyrkja ein rein basilika med høg midtskip og lågare sideskip, alle med flate himlingar. I 1883 fekk midtskipet ein tønnekvelv og dermed var basilikapreget borte. Samtidig vart begge sidegalleriane tekne bort og det noverande vestgalleriet bygd om. Orgelet vart flytta, og galleriet innreia med stigning. Dagens preikestol kom også ved dette høvet. Til då vart preikestolen frå den gamle kyrkja brukt, og Ole Særvold fekk kjøpe den for 60 øre.
|
 |  |
interiør mot aust
| koret |
 |  |
| altartavla | interiør mot vest
|
Altaret fekk sin noverande nygotiske form ved ombygginga i 1883. Midtfeltet fekk eit oljemaleri signert "C. Christiansen 1883". Maleriet er ein kopi av Peter Paul Rubens sitt altarmaleri i Vår Frue katedralen i Antwerpen, Belgia.
Eit lite sidespor når det gjeld altartavla:
Altaret i Nordreisa kyrkje i Troms har utroleg mykje til felles med den
i Strandvik, sjølv om sidepanelane manglar. Nordreisa kyrkje er eitt år eldre
enn Strandvik kyrkje, og den er teikna av ein annan arkitekt, Christian Henrik Grosch.
Det ein veit er at sjølve altarmaleriet i Nordreisa er laga i 1923 av
Mons Breidvik (1881-1951). Breidvik var sidan1907 busett i Kvam, nabokommunen
til noverande Fusa kommune. At også han har prøvd seg på å kopiere Rubens
er ikkje så forunderleg. Men at detaljane i rammen rundt maleriet er såpass like,
framkaller eit stort spørsmålsteikn. Underteikna vil vere særs
takknemleg for ei forklaring på fenomenet.
Krusifikset over korinngangen er laga i tre, truleg på 1700-talet og overført frå førre kyrkja, den frå 1628.
Ved sidan av altaret finn ein to glasmaleri av Per Vigeland, datert 1949. Også salmetavlene er frå hans hand. Per Vigeland er son til Emanuel Vigeland og nevø til Gustav Vigeland (han frå Vigelandsparken).
I slutten av mai 2009 besøkte Pål Vigeland, son til Per, Strandvik kyrkje. Både for å sjå glasmaleri til faren og for å minnast at han som liten gut var med å hjelpe far ved å utføre ein del av dei mange prosesser som skal til før eit glasmaleri er ferdig. Pål Vigeland er gullsmed og kunsthandverkar og har m.a. laga altarsølvet til Nore Neset kyrkje i Os, nabokommunen til Fusa.
Det fyrste orgelet i Strandvik kyrkje kom i 1873.
Samstundes vart også den fyrste organisten tilsatt. Det var klokkaren i Hålandsdal, Dahle, som fekk stillinga. Han budde på Indre Rød og gjekk dei 23 km. til fots. "Dei var 'kje redde lange vegar, gamlekarane. Han greidde det knapt halvtanna år" (O.B. Skaathun, Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik, del I). Etter han vart Thore Sundvor tilsett. Ved sidan av å vere lærar har han altså også vore organist, og det i mange år.
Dei fyrste åra var Abraham Kvaale belgetreder. Han hadde også ansvaret for å ringje med kyrkjeklokkene.
I 1874 vart det skipa til eit kyrkjekor med kyrkjesongar Brandanger frå Fusa som dirigent.
Orgelet som kom i 1873 var eit brukt orgel frå St. Jørgenkirke i Bergen, bygd i 1835 av Peter Nielsen Quarme. Instrumentet hadde ti stemmer fordelt på eit manual og pedal. Det kan sjå ut om at dette orgelet etter 1923 hamna på Norsk Folkemuseum i Oslo. Merknaden i boka "Norsk Orgelregister 1328-1992" av Stein Johannes Kolnes er dessverre ikkje heilt eintydig om dette er tilfellet.
I 1923 leverte Olsen & Jørgensen orgelbyggeri, Kristiania, det noverande orgelet med mekanisk kjegleladesystem. Orgelet vart teke i bruk under høgmessa 18. februar 1923 og har følgjande disposisjon:
| Hovudverk (C-f3): | Svellverk (C-f3): | Pedal (C-d1): | koppler: |
| Bordun 16' | Salicional 8' | Subbas 16' | P-I |
| Principal 8' | Liebl. gedakt 8' | | P-II |
| Gamba 8' | Vox Celeste 8' | | I-II |
| Fl. harmonique 8' | Fl. octaviante 4' | | faste kombinasjonar: |
| Octav 4' | Obo 8' | | mezzoforte |
| | | | forte |
| | | | tutti |
Orgelprospektet har den same nygotiske utforming som den har felles med mange orgler frå August Nielsen, seinare Olsen & Jørgensen: 3 flate felt, det midterste ofte litt breiare enn dei ytterste. I Strandvik fekk prospektet detaljer frå altartavla, særleg den øvste delen av prospektet, slik at den framstår som ein kopi av altartavla. Øvst i midtfeltet står teksten "Gloria in Excelsis Deo".
Spelepulten er, som vanleg ved desse orgla, vendt mot kyrkjeskipet. Registertrekkene har kvite registerskilt for hovudmanualet, rosa for svellverket, grøn for pedalet og kombinasjonar av desse fargane for koppelregistrene, ikkje uvanleg ved tysk-romantiske instrument.
For dei faste kombinasjonane er det fottrinn til venstre over pedaltangentane.
mp3-filer med opptak frå orgelet og kantor Iman de Zwarte:
* Notene finnes m.a. i boka "Festivity" av Mons Leidvin Takle. Dette er fyrste bind i serien "The organ of today", og er utgitt på Cantando, bestillingsnr. C2141. I denne boka er verket, med tittelen "Lo, in the wilderness a voice", tileigna Iman de Zwarte. "motet" frå koralpartita Salme 130 ( = NoS 456) Wim Kamp
| postludiet Bots- og Bededag
26. oktober 2008
|
Til slutt eit detalj-bilete av imponerande tømmermannsarbeid frå ei tid ein måtte klare seg utan Black & Decker og Dewalt.
