Fusa |
 | Fusa kyrkje ligger ved garden Oppsal på Fusa. Under fø- rebuingane til ny kyrkjegard ved sida av kyrkja, vart det i 2003 gjort oppgravingar som viste at dette området historisk sett er svært interessant.
Den fyrste kyrkja på Fusa var sannsynleg ei stavkyrkje. Det einaste som er igjen etter denne er døypefonten av kleber som visstnok står på Bergen Museum.
| klikk på biletet for å sjå større bilete
I året 1600 vart mellomalderkyrkja erstatta av ei ny kyrkje. Fusa sokn var då, sidan 1560, slått saman med Os prestegjeld på andre sida av Bjørnafjorden. Kyrkja var bygd av tømmer og "af een størrelsse som Strandvigs paa lengden, men noget Smalere paa bredden" (sitat frå kappellan Andreas Christie, 1686). I 1721 vart målene oppgitt meir nøyaktig: "Corets lengde 10 al. og Breden 10 1/2 al. Kirchen 21 al. lang og 13 3/4 al Bred. Waabenhuset 7 allen i Kandt" (frå boka "Norges kirker, Hordaland 2").
Straks etter at Fusa vart eige prestegjeld igjen i 1855 sette ein i gang med planar for ei ny kyrkje, sidan den førre var for liten. Etter mykje om og men vart den nye kyrkja, etter teikningar av arkitekt Stockfleth, fullført i 1861. Kyrkja stod på eit nytt innkjøpt stykke jord ved sida av den gamle kyrkja, som sidan vart reven. Arkitekt Stockfleth sine teikningar vart seinare (1867) nytta til bygging av Bruvik kyrkje på Osterøy.
I 1907 vart det teikna kontrakt med Olsen & Jørgensen orgelfabrikk, Kristiania, for levering av Fusa kyrkje sitt fyrste orgel. Orgelet stod ferdig året etter. Det fekk ni stemmer fordelt på eitt manual og pedal og hadde mekanisk overføring. Prestefrua Elisabeth Margrethe Behrens Marstrander, som hadde organisteksamen frå Bergen Musikkonservatorium, vart den fyrste organisten.
Sundag 11. januar 1959, kort tid etter gudstenesta, brann kyrkja ned til grunnen. Årsaka var truleg ei defekt loddpipa (O.B. Skaathun, "Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik" del II). Eit lite 1700-talls krusifiks på altaret i den noverande kyrkja er ein av dei få tingene som er igjen etter brannen.
Den nye kyrkja vart vigsla 2. september 1962. Ho er teikna av arkitekt Ole Halvorsen og oppført i betong. Ho står på same stad som den gamle kyrkja. I staden for ei altartavla har kyrkja fått eit freskomaleri av Bjørn Tvedt på veggen bak altaret. Ein ser ein sitjande Jesus ved brønnen, i samtale med den samaritanske kvinne. Ansiktet på kvinna ser me ikkje, ho er ikkje viktig. Det er derimot Jesus, difor er lyssetjinga også slik at lyset frå spotlighten faller på han. Teksten under maleriet er slutten på Johannes 4,10 "... og han gav deg levande vatn."
 |  | interiør mot koret
| koret
|  | detalj fresko bak altaret
| Den nye kyrkja fekk eit orgel som vart bygd av Olsen & Jørgensen orgelfabrikk, Kristiania, i 1916 med opusnummer 456 for Birkeland kirke på Nesttun. Eit orgel med pneumatisk kjegleladeoverføring som Fusa overtok for Kr. 25.000,-. Monteringa kom på Kr. 16.000,- og vart utført av Vestre's Orgel- og Pianofabrikk. Orgelet fekk eit nytt prospekt som vart teikna av arkitekt Ole Halvorsen.
 | | orgelet frå Birkeland kirke slik det stod i Fusa
| slik såg det ut oppe på galleriet
| Orgelet hadde fylgjande disposisjon:
Hovudverk (C-g3):
| Svellverk (C-g3):
| Pedal (C-e1):
| Koppler, osv.:
| Bordun 16'
| Gedakt 16'
| Subbas 16' | Manualkoppel | Principal 8'
| Geig.principal 8'
| Gedakt 16' tr
| SubOctavkoppel II-I
| Gamba 8'
| Liebl.Gedackt 8'
| Violon 8'
| Superoctavkoppel I
| Jubalfløite 8'
| Salicional 8'
| Bassun 16'
| Ped. Kopp. 1
| Octav 4'
| Voix Celeste 8'
| | Pedalkoppel 2
| Fløite 4'
| Fugara 4'
| | Tremolo | Waldfløjte 2'
| | | Melodiekoppel 1-2
| Mixtur IV*
| | | Pianopedal av
| Trompet 8'
| |
| 2 frie kombinasjonar
| | | |
| 4 faste kombinasjonr (p - mf - f- tutti)
|
| |
| General crescendo
| | | |
| rørverk av
| | | |
| crescendo av
| *C: 2 2/3 - 2 - 1 1/3 - 1 repetisjon på c2 og c3
| |
| fri manual 1
| Sjølv om orgelet fekk ei ny sjanse i Fusa kyrkje vart det dessverre rimeleg fort klart at det ikkje kunne få det evige livet her. Knapt 30 år etter innviinga i Fusa var problema blitt så store at planane om utskifting eller restaurering byrja å få kjøt på beina. Til slutt resulterte dette i 2004 i eit nytt, mekanisk orgel, levert av Orgelmakerij Steendam, Roodeschool (NL).

| 
| interiør mot vest
| Steendam-orgelet
|  | | spelepulten | Legg særleg merke til det flotte malararbeidet som er utført av Henk van der Luyt frå Orgelmakerij Steendam etter innspel frå Anne Hesvik Kartveit i samband med fargeplanen for Fusa kyrkje! Galleribrystninga er mala av Anne Kartveit og laga av mannen hennar, Yngve, med god hjelp av Arne Brandanger (oldebarn til den fyrste organisten). Her vart det ein del gjenbruk av delar frå den gamle brystninga. Dei seks-kantete pyntefigurer er også brukt på orgelprospektet for å skape ein flott heilskap.
Orgelet har fylgjande disposisjon:
Hovudverk (C-g3):
| Svellverk (C-g3):
| Pedal (C-f1):
| Bourdon 16'
| Salicionaal 8'
| Subbas 16'
| Prestant 8'
| Gamba 8' C-H = Holpijp
| Octaafbas 8'
| Roerfluit 8'
| *Holpijp 8' b/d
| Bazuin 16'
| Quint 6' d
| *Open fluit 4' b/d
| | Octaaf 4'
| *Quintfluit 3' b/d
| Koppler: | Gemshoorn 4'
| *Woudfluit 2' b/d
| P + I
| Quint 3'
| *Terts 1 3/5' b/d
| P + II
| Octaaf 2'
| Fagot 8' b
| I + II b/d
| Quint 1 1/2' b/d
| Dulciaan 8' d
| | Sifflet 1' b*/d
| Schalmei 8' d
| | Trompet 8' b/d
| Tremulant | konsulent: Kristen Øgaard
| | | | liksvevande stemning
| * halv opna = C-H opna heilt = C-h
| * desse register samanlagt utgjer Cornet-registeret
| vindtrykk Hovudverk og Pedal: 76 mm vindtrykk Svellverk: 85 mm
| Eit påfallande trekk i disposisjonen er mangelen på Mixtuur-registeret. Her har Steendam, i samråd med konsulent og kantor, vald å plassere kvar piperekkje for seg, der vanlegvis fleire piperekkjer står på same sløyfe. Slik kan ein bruke kvar einskild register og såleis utnytte kvart einaste piperekkje i orgelet. Dessutan kan ein tilpasse Mixtuur-styrken til storleiken på kyrkjelyden.
Vil ein lage ein Mixtuur på 8'-basis treng ein (i tillegg til Principalene 8, 4, 3 og 2) Quint 1 1/2' bass og Sifflet 1' bass i halv opna stand (dvs. kun C-H). For ein Mixtuur på 16'-basis tilføyer ein Bourdon 16' og Quint 6' diskant. The proof of the pudding is the eating: spel ein skala nedover heile manualet og du vil høyre repetisjonane som er typiske for Mixtuur-registeret!
Bileta av oppbygginga i orgelverkstaden kan du sjå her (klikk på eit bilete for å få det større). Desse bileta er ein del av ei heimeside om "tvilling"-orgelet i ei kyrkje i Dalfsen (NL). Orgelnemnda der gjekk fyrst for ei prospektutforming som Steendam-orgelet i Apeldoorn. Men då dei ved eit besøk i verkstaden såg Fusa-orgelet i emning, ombestemte dei seg og tinga same prospekt. Begeistringa gjald ikkje minst også fargevalet og malingsteknikkene. Sidan dette skulle medføre ekstra kostnader, bestemte dei seg for ein meir nøktern utarbeiding med dette som resultat.
mp3-filer med opptak frå Steendam-orgelet i Fusa: Johann Sebastian Bach
| opptak frå Bach-konsert, 30.09.2005
| brukte registreringar
| Samuel Scheidt
| opptak frå aftansong på
Maria Bodskapsdag, 26.03.2006
| brukte registreringar
| tekst: Eyvind Skeie, melodi: Trond Kverno (NoS 24)
| opptak frå aftansong på
Maria Bodskapsdag, 26.03.2006
| brukte registreringar
| tekst: Arnold Eidslott, melodi: Iman de Zwarte
| opptak frå gudsteneste til minne om kapellan Svein Bjørhovde, 24.10.2007 |
| Johann Sebastian Bach
| opptak frå orgelkonsert 02.11.2007 |
| Salmer 1997 nr. 89
| opptak frå gudsteneste på sundag Cantate, 20.04.2008 |
| Max Reger
| opptak frå konsert på Reformasjonsdagen, 31.10.2008 |
| | opptak frå konsert på Reformasjonsdagen, 31.10.2008 | Toll und sehr erfrischend gespielt! (Matthias Nagel)
| Maurice Duruflé
| opptak frå gudsteneste 1. Pinsedag 2009 spelt under ofringa og Final som postludium |
| NoS 6
| opptak frå 'nine lessons and carols' 4. sundag i advent, 20.12.2009 |
|
|
| |
|
|